Snøggbåtane i Sunnhordland på 60-70 talet

Thanks! Share it with your friends!

You disliked this video. Thanks for the feedback!


Added by miamigo
79 Views
Ei samling med opptak av snøggbåtane som var i rute i Sunnhordland på 1960- og 70 talet.
Her er både Westamaraner og hydrofoiler frå HSD og Flaggruten.
Det er og eit sjeldent glimt av HSD rutebåten MS Bremnes, samt ferja MF Folgefonn, filma på midten av 1970-talet.

HB Tjelden vart bygd ved Westermoen Hydrofoil som bygg nr. 2, og levert til AB Sundfart, Malmö, som «Sundfoil I», juni 1963.
I 1966 vart den kjøpt opp av A/S Masl, Oslo, før den vart seld videre til HSD i 1968 og omdøypt «Tjelden».
Fekk nytt namn «Tranen» i 1980, før den vart seld til Audun Ørgersen, Bergen, der båten vart ombygd til husbåt. Den fekk då det treffande namnet «Exfoil».
Send til Stavanger for hogging i mai 1995.

MS Vingtor vart bygd ved Westermoen Hydrofoil i Mandal og levert til Det Stavangerske Dampskibsselskap A/S i mai 1974.
Her gjekk den på flaggruten mellom Stavanger og Bergen fram til 1990 då den vart seld til Frankrike og fekk namnet «Trident 5», seinare «Trident V».
I 2010 gjekk turen videre sørover til Spania, der båten vart omdøypt til «Aigues De Formentera».
To år seinare, i 2012, vart båten hogd.

HB Teisten (1970) vart bygd i Messina, Italia, og levert til HSD i april 1970.
Gjekk fleire år i rute mellom Bergen og Leirvik, før den vart seld som HSDs siste hydrofoil i 1988 til Simen Møkster. Fekk då namnet «Strilprins», eit namn som vart endra til ”Hinnavåg” berre ein månad seinare.
På tampen av 1988 vart båten seld vidare til Italia og omdøypt «Flecho Del Estrcho». Seld vidare til eit anna Italiensk rederi året etter og fekk då namnet «Freccia Di Casamicciola».
I fart i Italia fram til 1998, då den vart seld for hogging.

MS Bremnes vart bygd ved Mjellem & Karlsen og levert til HSD i mars 1949.
Gjekk i rute i Sunnhordland fram til 1978, då den ei kort tid skifta namn til «Bremnesing», før den vart seld til Tartan Arrow Marine Ltd. i London, oktober same år.
Videre skjebne etter 2012 er ukjend.

MS Tedno vart bygd ved Westermoen, og levert til HSD som selskapets første westamaran i 1973. Då HSD kjøpte inn ein ny katamaran i 1992 som og fekk namnet Tedno, skifta den eldste namn til Tedno I i ein periode, før den i 1996 vart omdøypt "Hardangerfjord".
I 1999 vart den seld til Mørecruise AS, før den i 2004 vart seld vidare til Island og omdøypt "Isafold". Båten vart til slutt lagt i opplag i 2015.

MF Folgefonn vart bygd ved Bergen Mekaniske Verksted og levert til HSD 2. juni 1938.
Skipet vart då landets største og mest moderne bilferje, og satt inn i ruta Ålvik-Kinsarvik i Hardanger. På tidleg 1950-talet i rute Brimnes-Ulvik, før den vart satt i fart i Sunnhordland i juni 1957.
I 1979 vart «Folgefonn» tatt ut av drift og seld til Dixon Travel i Liverpool, England. Ferja skulle då ombygges til turistbåt, noko det ikkje vart noko av.
I staden vart ferja frå 1980 nytta som klubbhus av Erith Yacht Club i Kent, England.
Mai 2010 vart ferja kjøpt av Hardanger Fartøyvernsenter, og slept til Dåfjorden Slipp same året. Slept vidare til Norheimsund i 2011 for bruk som museumsskip og freda av riksantikvaren.
I 2020 låg ferja i Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand for skrogarbeid.
Det er venta at restaureringa vil vere ferdig i 2026.

HF Tyrving vart bygd i Italia og levert til Det Stavangerske Dampskibsselskab A/S våren 1972.
Her gjekk den i flaggruten mellom Stavanger og Bergen fram til 1977, då den vart satt i opplag som reservefartøy. Gjekk så lokalrute mellom Stavanger og Sandeid ein periode i 1979, før den vart seld til Uruguay same året.
Satt i trafikk i Argentina, der den opererte fram til 1996 då den vart lagt i opplag.
Sendt til opphogging i 1999.

HB Teisten (1961) vart bygd ved Rodriquez Cantieri Navali i Italia, og levert til HSD som rederiets første hydrofoil, i juli 1961.
Her gjekk den rute mellom Bergen og Sunnhordland, fram til 22. oktober 1969 då den grunnstøytte på Noreskjær i Bjørnafjorden, på veg frå Ølen til Bergen. Ingen vart skadde, men båten vart kondemnert.
Seld tilbake til Italia for reparasjon i 1970, og etterpå satt i fart ved Messinastredet som «Freccia Di Reggio». Leigd ut til Thames Arrow Express i London i 1972, og opererte strekninga London-Greenwich. Seinare var båten i fart for Red Funnel i rute mellom Southampton og Isle of Wight.
Sist registrert i Italia i 1990. Det er uvisst kva som har hendt med «Teisten» etter dette.

MS Sleipner vart bygd ved Westermoen Hydrofoil og levert til Det Stavangerske Dampskibsselskab juni 1974.
Opererte som «Sleipner» på Flaggruten fram til 1987, då den fekk nytt namn «Tranen».
Seld til Spania i 1989 og omdøypt «Rapido De Formantera».
Seld videre til Uruguay i 2008, der den fekk nytt namn «Buenos Aires Express».
Båten er i skrivande stund framleis i drift.

MS Sunnhordland vart bygd ved Westermoen Hydrofoil i Mandal, og levert til HSD i 1975. Båten vart seld til Kroatia i 1999, og har sidan den tid gått som turistbåt under namnet "Broc".

Musikk:
Scott Buckley – Bring me the sky
Link: https://www.youtube.com/watch?v=Hwz2b12fqKM
Category
STAVANGER
Commenting disabled.