Milliard-tunnel halverte reisetiden på E39 mellom Bergen og Bjornafjord

Thanks! Share it with your friends!

You disliked this video. Thanks for the feedback!


Added by miamigo
82 Views
Snart vil du kunne kjøre inntil 100 kilometer i timen på nye E39 mellom Bergen og Bjornafjord. Veiprosjektet er det dyreste prosjektet som skal bygges på Vestlandet.

#Milliardtunnelhalverte #reisetidenE39 #Bergenog #Bjornafjord

Det er i oktober det skal skje.

Det som alle trafikantar og naboar til E39 mellom Bergen og Bjørnafjorden har venta på i årevis.

Opninga av den nye firefelts motorvegen til om lag 9,4 milliardar kroner.

Då blir det slutt på at vogntog på glatten lagar endelause køar på den svingete vegen.

Då kan folk på Søfteland høyra fuglekvitter i staden for lyden av tungtrafikk som dundrar forbi huset. Og plutseleg blir avstanden mellom dei to kommunane berre halvparten så lang.

Strekninga er ein del av kyststamvegen E39 som går langs heile vestlandskysten, frå Trondheim til Kristiansand.

Strekninga mellom Bergen og Stavanger blir også raskare å køyra.

Ny motorveg mellom Bergen og Bjørnafjorden Ekspandér faktaboks Prosjektnamn: E39 Svegatjørn-Rådal

Firefelts motorveg med 100 km/t fartsgrense

Totalt 18 000 meter hovudveg

1 300 meter ny fylkesveg med gang- og sykkelveg

Planlagt opning: Oktober 2022

Dagens køyretid utanom høgtrafikk-periodane er på om lag 35 minutt. Ny veg gir ei redusert reisetid på om lag 17 minutt

Prognose for kostnad: Om lag 9,4 milliardar kroner

Betalt med bompengar og statleg bidrag (Kjelde: Statens vegvesen)

– Har venta lenge

– Klart eg ser fram til det. Dette har vi venta lenge på, vi snakkar vel om 40-50 år. Denne vegen vil bety mykje, seier ordførar Trine Lindborg i Bjørnafjorden kommune.

Ho gler seg til at det blir kortare for folk i Bjørnafjorden å reisa til Bergen, men også at det blir kortare for bergensarar og folk frå andre nabokommunar å reisa til Bjørnafjorden.

Utbygginga fører til at kommunen får nye næringsareal og bustadområde sentralt plassert i forhold til nyevegen. Betre veg vil også gje betre kollektivtilbod, både inn og ut av kommunen.

– Vi håpar at folk vil etablera seg både med næring og bustad i vår kommune, seier ordføraren.

FIRE FELT: Når du kjem sørover frå Bergen sentrum, deler tunnelen seg. Her går tre felt over til fire. Skal du til Bjørnafjorden eller Stavanger må du ligga til venstre. Foto: Åge Algerøy / NRK

– Dyrt, men mykje for pengane

Vegvesenet opplyser at dette er det dyraste vegprosjektet som er bygd i Vestland fylke, med ein prislapp på om lag 9,4 milliardar kroner. Men prosjektleiar Kelly Nesheim Iversen i Statens vegvesen forsvarer pengebruken.

– Det du blir målt på er jo kostnadane. At det kostar meir enn eit anna anlegg. Eg meiner vi får relativt mykje for pengane, sjølv om kostnadane er høge, seier prosjektleiaren.

Arbeidet har halde på i sju år, og no er det siste innspurt.

Skilta med 100 kilometer i timen er på plass. Det same er skiltet med Bjørnafjorden kommune som heng i taket i det eine løpet av Lyshorntunnelen.

Men likevel manglar det nokre viktige ting, blant anna testing, beredskapsøvingar og godkjenningar.

– Vi testar styringssystema og at all teknikken verkar i forhold til Vegtrafikksentralen. At bommane bevegar seg når vi ber om det, og at skilta viser det dei skal, seier Nesheim Iversen.

MYKJE FOR PENGANE: Prosjektleiar Kelly Nesheim Iversen meiner vi får mykje veg for pengane med bygginga av E39 Svegatjørn-Rådal. Foto: Åge Algerøy / NRK

Tryggare veg

I tillegg til at det blir ein kortare og raskare veg, skal det bli mykje tryggare å ferdast på nyevegen.

– Eg vil påstå at dette er ein av dei tryggaste vegane vi har bygd, seier prosjektleiaren i Vegvesenet.

Ho trekkjer fram at trafikken i kvar køyreretning går i kvar sine tunnelar. Dermed skal det ikkje kunna skje møteulykker.

Dessutan har vegen planskilde kryss, som betyr at det ikkje er kryssande trafikk, og det er få plassar der det kan oppstå konfliktar.

I tillegg til strekninga Svegatjørn-Rådal, består anlegget av fleire tunnelar som koplar trafikken inn på noverande vegar i bydelen Fana.

Dette er den første vegen i Vestland fylke som får fartsgrense på 100 kilometer i timen. Når vegen opnar vil køyreturen mellom Svegatjørn i Bjørnafjorden og Rådal i Bergen ta åtte minutt.
Category
STAVANGER
Commenting disabled.